Om oss

Forhistoria til Leiv Austrheim AS går langt tilbake. Sandane Auto vart skipa i 1931 av Leiv Austrheim , Alfred Holvik og Olav K Henden, med køyreløyve for lastebil. Dette selskapet vart oppløyst i 1942, og Leiv Austrheim overtok den eine bilen, og selskapet sine fordringar. I 1948 vart Leiv Austrheim AS etablert, med reparasjon av motorar, generatorar, mekanisk arbeid og serieproduksjon av ugrashakker. I tillegg til dette vart det utført transport-oppdrag med lastebil og personbil, som på denne tid krevde løyve. Det er soleis eit av dei eldste sjølvstendige bilverksteda i Sogn og Fjordane som er oppegåande i si opprinnelige form og i samme eige.

I 1948 vart det skrive kontrakt med Norsk Brændselolje om levering av bensin og olje. Leveranser ut i distriktet starta 1964, med MIL, BP, Norol og til slutt Statoil.   Drosjetransport var også ein viktig del av bedrifta. (1958 – 1988).

Sidan 1972 har bedrifta  vore drive som eit tidstypisk bilverkstad med tilhøyrande bensinstasjon, men frå 2014 vart den tradisjonelle Statoil Sandane endra til 123 –Automat. I dag er drifta i hovudsak basert på tre områder; Bilverkstad, Bilsalg, Drivstoff-transport.  Bedrifta utgjer ca. 9 Årsverk, og omset for omtrent 30 Mill.kr.

Vi utfører periodisk køyretøy-kontroll, service og vedlikehald på alle lette køyretøy i våre nyoppussa verkstadlokaler.  Gjennom Verkstadkjeden  MECA tilbyr vi bilrekvisita, slitedeler verkstad-materiell.  Treng du ein ny bil, hjelper vi deg gjerne med det. Vi tilbyr og skaffar nyare bruktbilar i alle kategoriar, og har du bruk for hjelp med å avhende deg med ein bil , så kan du kontakte oss.  I drivstoff- markedet profilerer selskapet seg som A-Tank.  Med tankbil leverer vi drivstoff  til Landbruk, Entreprenørar og Industri og Transportnæringa. I tillegg distribuerar vi til eigne anlegg.  Vi dekker heile fylket om nødvendig, og har ei stor kundeportefølje i alle nærings-grupper. I Oktober 2018 rundar vi 70 Års drift i bransjen,- utan avbrot. Det er vi stolte av.